Startside

Produkt

Referansar

Fasader

Landbruk

Næringsbygg

 

Tilsette

Ledig stilling

         
Stryn Betongelement AS vart etablert i 1994 då vi overtok Sunde Bygg AS. Frå starten av i 1971 dreiv Sunde Bygg som ei entreprenørbedrift.

Produksjon av betongelement kom igang i 1981, og frå 1985 vart bedrifta ei rein produksjonsbedrift av betongelement.

Fabrikken er plassert mellom dal og fjell i eit område i Norge som er kjent langt utanfor landet sine grenser for sin vakre natur.

Stryn Betongelement har 28 ansatte og hadde i 2008 ei omsetning på 49,8 mill. NOK.

   Stryn Betongelement er godkjent av Kontrollrådet for betongprodukt i klasse D.
Betongelement betyr kvalitet, kort byggetid og svært lite vedlikehald.

Vi leverer betongelement av høg kvalitet til dei fleste byggeformål innan industri, landbruk og privat sektor:

* Fasadeelement
* Grunnmurselement
* Søyler og bjelkar
* Dekke
* Gjødsellager og fjøselement
* Bruer etc.

Ta kontakt for fleire opplysningar!


Stadt Towing Tank AS

Stadt Towing Tank AS
Foto: Stadt Towing Tank

  Opning august 2009:

Stadt Towing Tank er eit heilt nytt hydrodynamisk testanlegg. med eit 180 meter langt basseng. Det er også sett opp ein storhall i tilknytning til anlegget.

Stryn Betongelement AS har hatt hovudentreprisen på prosjektet.

Vi gratulerer med nye lokaler, og takkar for oppdraget!

Heimeside


Samfjordgårdene   Mai 2009:

Samfjordgårdene: Fasadeelement og balkongar til fire boligblokker i Brattvåg, Haram Kommune. Totalt 120 leiligheiter!

 


Nordfjord Kjøtt   Desember 2008:

Nordfjord Kjøtt: Nye produksjonslokaler fordelt over to etasjar! Totalt 14 000 m².

Stryn Betongelement AS har hatt hovudentreprisen på prosjektet.

Les meir


Førde Storsenter
Illustrasjon: Se Arkitektur AS

  Januar - September 2006:

Førde Storsenter

Heimeside
www.fylket.info


Color Line Stadion
Illustrasjon: Biong Arkitekter AS

  April 2004 - Februar 2005:

Color Line Stadion i Ålesund.

Les meir

 

Stryn Betongelement as - 6789 Loen  - Tlf. 57 87 36 60 - Fax 57 87 36 61 - Internett: www.strynbetongelement.no - Epost: post@strynbetongelement.no