Content1 | col2

Produkt

Bruk av betongelement i byggeverksemd er ein rasjonell, økonomisk og tidssparande måte å bygge på, samtidig som materialet betong har fleire gunstige eigenskapar og fordelar.

- Kort monteringstid og kostnadseffektiv bygging.
- Vesentleg mindre bygg fukt.
- Solid konstruksjon som varer i generasjonar og krev lite vedlikehald.
- Energiøkonomisk
- Miljø  –  lite energikrevjande produksjon med lite avfall. Redusert materialforbruk. Kan gjenvinnast.
- Større branntryggleik, betong brenn ikkje.
- Gode lydreduserande eigenskapar.
- Fleksibilitet – oppnår store søylefrie areal. Lett å forberede framtidig utviding og bruksendring.

 

Stryn Betongelement AS tilbyr eit bredt spekter av kvalitets produkt utfrå ynskje frå våre kundar.
Veggar i ulike dimensjonar både isolerte og kompakte(uisolerte) med utsparingar og instøypingar

etter behov.
Søyler, dragarar, dekker, veranda, element til gjødselkum og bru-element m.m. 
Alt produsert for effektiv og nøyaktig montasje. Vi er stolte av kvalitet og finish på våre produkt!

 

Les meir om våre produkter:

Isolerte veggelement

08.10.2014 Sandwichelement er ferdig isolerte veggelement. Desse leverast etter dagens standard om isolasjonskrav og kan dimensjonerast for bæring av etasjeskille og tak-konstruksjonar.  Les meir »

Kompakte veggelement

08.10.2014 Kompaktveggar kan brukast som bærevegger i konstruksjonar og kan tilpassast kundens ynskje.  Les meir »

Søyler/dragarar

08.10.2014 For bæring av andre konstruksjonar og etasjar leverer vi søyler og dragarar.  Les meir »

Plattendekke

08.10.2014

Plattendekke er forskalingsdekke av betongplate med armering i underkant.

Med bruk av desse sparar ein dyrbar tid på forskalingsarbeid og materiale.

 

Les meir »

Fleire produkt

19.01.2015 Stryn Betongelement AS kan levere eit bredt spekter av prefabrikerte betongprodukt.
Les meir »