Content1 | col3

Landbruk

Tid er pengar, og ikkje minst i moderne landbruk. Ferdige betongelement til driftsbygning reduserer byggetida vesentleg samanlikna med tradisjonelle byggemetoder og material.

Stryn Betongelement AS har spisskompetanse på landbruksbygg.

Til fjøs leverer vi isolerte veggelement med ferdig innstøypte vindauge i vinyl og innstøypte ventilar. Innvendige flater treng lite behandling.

Vi leverer også gjødsellager, dekke, søyler og renner.

Elles produserer vi element til reiskapshus, plansiloar m.m.