Content1 | col3

Næringsbygg

Ved oppføring eller rehabilitering av næringsbygg er det særleg viktig med rasjonelle løysingar. Både med tanke på rask byggetid og seinare bruk.

Våre mange fornøgde kundar er bevis på at element frå Stryn Betongelement er eit godt utgangspunkt for tenlege, større bygg. Vi tek på oss total prosjektering frå starten av, eller frå det stadiet kunden måtte ynskje.

Betongelement tåler røff behandling - det vere seg belastningar frå både menneske, maskiner, ver og vind. Når bygget er reist, treng det eit minimum av ettersyn og vedlikehald. I tillegg til slakkarmerte konstruksjonar som vi sjølve produserer leverer vi også takkonstruksjonar i stål eller spennbetong. Veggelementa kan ein få med eller utan isolasjon.