Content1 | col2

Isolerte veggelement

Sandwichelement er ferdig isolerte veggelement. Desse leverast etter dagens standard om isolasjonskrav og kan dimensjonerast for bæring av etasjeskille og tak-konstruksjonar. 

Dermed fyller fasaden kravet om bæring, avstiving og klimaskille. Elementa kan tilpassast etter kundens ynskje. For eksempel kan store glas/tre-felt monterast i/mellom sandwichelementa.

Overflata til fasaden kan produserast i fleire ulike utførslar. Grå glatt, mala, frilagt (steinoverflate), struktur av bordkledning osv. Det er berre fantasien som set grenser.

Isolerte veggelement blir produsert med standard tjukkleik:

t=26 cm  (10 cm iso.)
t=32 cm  (15 cm iso.)
t=37 cm  (20 cm iso.)
t=42 cm  (25 cm iso.)

Ytre betong-sjikt er 8 cm, mens indre er 9 cm. (På 26-veggar er også indre sjiktet 8 cm.)