Content1 | col3

Sivilingeniør / ingeniør

Stryn Betongelement AS søker etter ingeniør/sivilingeniør innan konstruksjonsteknikk, bygg- og anleggsteknikk, for fast tilsetjing i 100% stilling.
Vi kan tilby varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit godt og triveleg miljø, midt i vakre Nordfjord!

Som medarbeidar hjå oss vil du få ei sentral stilling innan konstruksjon, prosjektering og sal av betongelement.
Du vil få vere med oss i utviklinga mot ein endå meir digitalisert kvardag og inngå i vårt gode arbeidsmiljø.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:
- Prosjektering med fagansvar for konstruksjon
- Relasjonsbygging
- Prosjektleiing

Om deg:
- har byggteknisk utdanning, ingeniør/sivilingeniør
- ynskje om min. 5 års relevant erfaring, men ikkje absolutt krav
- er strukturert, initiativrik og nytenkande.
- god kunnskap og erfaring i å bruk av AutoCad, Impact/Strusoft, MS Office
- god forståelse for budsjett, kalkylar og berekningar.
- gode kommunikasjonsevner og godt humør.
- gode evner til å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Norsk eller skandinavisk talande


Riktig person vil få gode mulegheiter til å utvikle og forme stillinga. Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Konkurranse dyktige betingelsar

Søknadsfrist: Snarast

Kontakt:
Dagleg leiar: Gunnar Fannemel,
tlf 91720448
e-post: gunnar.fannemel@strynbetongelement.no