Content1 | col3

Konstruktør / teknisk teiknar

Stryn Betongelement AS søker etter medarbeidar innanfor konstruksjon og teknisk teikning, for fast tilsetjing i 100% stilling.
Vi kan tilby varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit godt og triveleg miljø.

Som medarbeidar hjå oss vil du få ei sentral stilling innan konstruksjon, framstilling av teikning og koordinering mellom dei ulike ledd i prosjekta.
Du vil få vere med oss i utviklinga mot ein endå meir digitalisert kvardag og inngå i vårt gode arbeidsmiljø. Gode haldningar, engasjement og godt humør er viktig for oss.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:
- Teikning, konstruksjon
- Prosjekt oppfølging og koordinering under konstruksjonsprosessen
- Relasjonsbygging

Om deg:
- har byggteknisk utdanning, ingeniør/sivilingeniør, fagskule eller relevant erfaring.
- er strukturert, initiativrik og nytenkande.
- god kunnskap og erfaring i å nytte data som arbeidsverktøy. Avansert brukar AutoCAD, (event. Revit/Tekla.) Vi nyttar også Impact frå Strusoft.
- nøyaktig og kvalitetsbevisst.
- gode kommunikasjonsevner og godt humør.
- gode evner til å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Norsk eller skandinavisk talande


Riktig person vil få gode mulegheiter til å utvikle og forme stillinga. Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Søknadsfrist: Snarast

Kontakt:
Gunnar Fannemel, tlf 917 20 448 mail gunnar.fannemel@strynbetongelement.no