Content1 | col3

Prosjektleiar

Stryn Betongelement AS søker etter prosjektleiar for fast tilsetjing i 100% stilling.
Vi kan tilby varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit godt og triveleg miljø.

Som prosjektleiar hjå oss må du vere engasjert og nyskapande men samtidig strukturert. Du må ha evne til å planlegge, samle og formidle informasjon og vere løysningsorientert.
Gode haldningar og godt humør er viktig i organisasjonen vår!

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:
- Koordinering av prosjekt
- Prosjektleiing
- Framdriftsplanlegging
- Administrative oppgåver
- Dokumentasjon
- Relasjonsbygging

Om deg:
- har byggteknisk utdanning og erfaring.
- er strukturert, engasjert og resultatorientert.
- gode evner til samhandling og teamarbeid
- god kunnskap og erfaring i å nytte data som arbeidsverktøy
- god økonomisk forståelse
- gode kommunikasjonsevner.
- Norsk eller skandinavisk talande
- påliteleg


Riktig person vil få gode mulegheiter til å utvikle og forme stillinga.

Søknadsfrist: Snarast

Kontakt:
Gunnar Fannemel, tlf 917 20 448 mail: gunnar.fannemel@strynbetongelement.no