Startside

Produkt

Referansar

Fasader

Landbruk

Næringsbygg

 

Tilsette

         
Stryn Betongelement AS vart etablert i 1994 då vi overtok Sunde Bygg AS. Frå starten av i 1971 dreiv Sunde Bygg som ei entreprenørbedrift.

Produksjon av betongelement kom igang i 1981, og frå 1985 vart bedrifta ei rein produksjonsbedrift av betongelement.

Fabrikken er plassert mellom dal og fjell i eit område i Norge som er kjent langt utanfor landet sine grenser for sin vakre natur.

Stryn Betongelement har 30 tilsette og hadde i 2010 ei omsetning på 31,2 mill. NOK.

   Stryn Betongelement er godkjent av Kontrollrådet for betongprodukt i klasse D.
Betongelement betyr kvalitet, kort byggetid og svært lite vedlikehald.

Vi leverer betongelement av høg kvalitet til dei fleste byggeformål innan industri, landbruk og privat sektor:

* Fasadeelement
* Grunnmurselement
* Søyler og bjelkar
* Dekke
* Gjødsellager og fjøselement
* Bruer etc.

Ta kontakt for fleire opplysningar!


Vieåsen - Vie Tun 4
Illustrasjon: Gravdal Bygg AS

 

2007-2011

Vieåsen - Vie Tun 4:
Vie tun 4 består av totalt 85 leiligheiter fordelt på 7 byningskroppar.

Stryn Betongelement AS har vore involvert i alle byggetrinna så langt (blokk A3, B2, C1, B4 og B6). Leveranse og montasje av veggelement, balkongar og bæresystem i betong og stål.
 


Stadt Towing Tank AS

Stadt Towing Tank AS
Foto: Stadt Towing Tank

  2009:

Stadt Towing Tank er eit heilt nytt hydrodynamisk testanlegg med eit 180 meter langt basseng. Det er også sett opp ein storhall i tilknytning til anlegget.

Stryn Betongelement AS har hatt hovudentreprisen på prosjektet.

Vi gratulerer med nye lokaler, og takkar for oppdraget!

Heimeside


Samfjordgårdene   2009/2010:

Samfjordgårdene: Fasadeelement og balkongar til fire boligblokker i Brattvåg, Haram Kommune. Totalt 76 leiligheiter!

 


Nordfjord Kjøtt
Foto: Egil Seljeset
  2008/2009:

Nordfjord Kjøtt: Nye produksjonslokaler fordelt over to etasjar! Totalt 14 000 m².

Stryn Betongelement AS har hatt hovudentreprisen på prosjektet.

Les meir


Førde Storsenter
Illustrasjon: Se Arkitektur AS

  2006:

Førde Storsenter

Heimeside
www.fylket.info


Color Line Stadion
Illustrasjon: Biong Arkitekter AS

  2004/2005:

Color Line Stadion i Ålesund.

Les meir

 

Stryn Betongelement as - 6789 Loen  - Tlf. 57 87 36 60 - Fax 57 87 36 61 - Internett: www.strynbetongelement.no - Epost: post@strynbetongelement.no