| INDUSTRI- OG NÆRINGSBYGG Når det
gjeld næringsbygg er det særleg viktig med rasjonelle løysingar, både med tanke på
oppføring og seinare bruk. Mange fornøgde kundar er prov på at element frå Stryn
Betongelement er eit godt utgangspunkt for tenlege, større bygg. Vi tek på oss total
prosjektering frå starten av, eller frå det stadiet kunden måtte ynskje.
Betongelement tåler røff behandling - det vere seg belastningar frå både menneske,
maskiner, ver og vind. Når bygget er reist, treng det eit minimum av ettersyn og
vedlikehald. I tillegg til slakkarmerte konstruksjonar som vi sjølve produserer leverer
vi også takkonstruksjonar i stål eller spennbetong. Veggelementa kan ein få med eller
utan isolasjon. |
|